Generalforsamling 2016

Kjære BAMS’ere!

Innkalling til Generalforsamling 2016 blir sendt ut i disse dager!

Dato: Mandag 26.September 2016      Tid: Klokken 16:30       Sted: Birkhaugssalen (D303), 3etg, HUS
“Generalforsamlingen markerer både slutten og begynnelsen på BAMS-året. Her vil vi sammenfatte våre aktiviteter det siste året og informere om nyheter. Vi vil ta opp forslag og også velge et nytt styre.”

Se innkallingen her

Vel møtt til GF!

 

For Styret

Stefan Hjelle, Leder

Fadderveka 2016 – Rebusløp

Takk til alle fadderbarn og faddere for topp innsats på vår post under rebusløpet!! Sjekk ut galleriet her på heimesida og vår instagramkonto @bamsbergen dersom du vil gjenoppleve den gode stemninga 🙂 Lik oss også på Facebook, så er du heilt sikker på at du ikkje går glipp av noke!

Meld deg inn i BAMS her og gløm ikkje å kom på grillkvelden førstkommande mandag 29/8. Dette blir strålande!
Meir info vil følge, så følg med i sosiale medier og her på heimesida

 

DSC_0072                  DSC_0041

Medlemskveld 12/5 – Akutt Psykiatri

Torsdag 12/5 arrangerte BAMS medlemskveld om Akutt-Psykiatri. Dette er ei pasientgruppe som alle legar vil måtte forholde seg til i større eller mindre grad, og som mange kjenner seg usikre på. Arjen van Dijk, som arbeider på Psykiatriambulansen til Helse-Bergen, gav oss eit innblikk i korleis det er å møte desse pasientane ute. Korleis skal ein forholde seg til og håndtere desse pasientane? Kva må ein tenkje på i forhold til eigensikkerhet? Er psykiatriske pasientar farligare enn somatiske pasientar? Dette var nokre av spørsmåla som blei besvart og belyst av Arjen. Vi kjem definitivt til å invit ere Psykiatriambulansen tilbake, for dette er eit høgaktuellt tema!

Link til presentasjon:
http://prezi.com/wpfvf0oxrd_h/?utm_campaign=share&utm_medium=copy&rc=ex0share

 

DSC_0001DSC_0011

 

 

Godt nyttår alle BAMSarar!

Nytt år, nye moglegheiter. BAMS ønsker alle medlemmer velkommen til nye aktivitetar, events og arrangement i akuttmedisinens navn . Følg med på vår nettside (www.bams.no), facebookside (facebook.no/bamsbergen og i din mail-innboks.. 

Er du medlem, men ikkje får mail. Skriv til oss på post@bams.no
Vil du bli medlem, gå til www.bams.no og velg “Bli medlem”. Her står all informasjon du treng for å bli ein del av oss.

Vi har alltid bruk for engasjerte medlem som vil gi av seg sjølv og si tid for å spre det akuttmedisinske budskapet. Ønskjer du å bidra, send ein mail til post@bams.no

Nytt styre 2015-2016

Hei kjære BAMSera!

Vi vil med dette presentere det nye styret som vart valt inn på GF

Leiar                            Stefan Hjelle (Kull12B)
Nestleiar                     Helena Løw Årvik (kull14)
Økonomiansvarlig     Camilla Lien (kull15)
Styremedlem             Ellisiv Jacobsen (kull13A)
Styremedlem             Benedicte Solli (kull13A)
Styremedlem             Michelle Aloyseus (kull12B)
Styremedlem             Petter Schjoldager (kull12B)
Vara                             Erik Bård Bråtveit (kull12A)

Det nye styret er meget fornøgd med utfallet av valet då vi sikrar både kontinuitet og får inn friskt blod. Halvparten fortsett frå fjorårets styre, medan resten er nye.

Vi i styret er spenn klare for eit nytt BAMS-år med mange aktivitetar i akuttmedisinens navn! Det er berre å hive seg rundt og bli med på det som skjer. Alle er velkomne på våre arrangement, dette gjeld både blodferske medisinstudentar så vel som meir erfarne. Vi ønskjer å ha eit tilbod som kan favne alle, og der lågterskel er ei av ledestjernene våre. Følg med på dei ulike kanalane under!

Heimeside: www.bams.no
Facebook: “Bergen Akuttmedisinske Studentforening – BAMS”
Instagram: @bamsbergen #bamsbergen

Ønskjer du å engasjere deg i BAMS eller har du gode idèar, innspel, kommentarar eller kva det skal være, nøl ikkje med å ta forbindelse via vår e-post:
post@bams.no

Til slutt fortener det gamle styret ei stor takk for godt arbeid, vi i det nye skal jobbe hardt i fortsettelsen!

For det nye styret

Stefan Hjelle
Ny leiar